Aluminiumen fortsett

Rekkverka begynner å ta form!

 tar lenger tid enn fyrst antatt, dette fins det fleire grunnar til. Det er masse sjukdom hos elevane så det er få dagar der alle jobber på prosjektet, i tillegg til dette er det ein tung og seig jobb så me møter også veggen ganske ofte. 

Men ting har blitt og blir gjort så me begynner å sjå lyset i enden av tunellen, for i dag er me heilt ferdig med eit rekkverk og har berre litt igjen på nr. 2, så då er det berre 6 igjen, jippi!!

Vår sinnssjuke Instagram letter om dagane! Det er ein god del aktivitet og masse spennande som skjer, så ve heilt 100% sikker på at du følger den og ta eit ekstra besøk hos @smedlinja 

Aluminium…

Då er me komt i gang med å lage rekkverk av aluminium, uheldigvis for oss går det ikkje så lett som me håpa på og er heller ikkje så moro som ein kanskje trur. 

 

Aluminium(Al) er eit veldig lett materiale med låg smeltepunkt på 660°C, dette gjer det dermed vanskeleg å smi då ein ikkje kan sjå kortid den perfekte smitemperaturen er nådd, på 320°C. Så no har me slitt i 3 veker med å få til å treffe denne temperaturen og å splitte det uten att hullet skal bli alt for skeivt. Med masse slit og strev har me endeleg begynt å få unna nokre stenger og er halvvegs ut i prosjektet. 

 

Velkommen

Velkommen til smedlinja si nettside og ikkje minst til meg. 

Her skal eg poste litt om kva eg gjer på smedlinja, mitt arbeid og kva som driv meg til å bli smed. Det kjem meir bilete og tekst med tida. Hold dykk oppdatert for dei kulaste smedlinja-nyhendene her hos meg.

 

 

 «Kvernbitøksa»

 

 «Cold forged»